Her i heimen har vi raud jul. Kvart einaste år tenkjer eg at det skal pyntast til jul på ein litt annleis måte. Mykje inspirasjon er det å finne i blad og hjå mange dyktige bloggar, likevel når jula kjem så er det noko som manglar utan dei raude innslaga. I år har vi ikkje pynta så mykje, men litt må til. Romjula er ei god tid, mykje besøk, herleg mat og tid til overs til det ein har lyst til å gjere. Nyt resten av jula - god jul.
fredag 28. desember 2012
Raud jul...
Her i heimen har vi raud jul. Kvart einaste år tenkjer eg at det skal pyntast til jul på ein litt annleis måte. Mykje inspirasjon er det å finne i blad og hjå mange dyktige bloggar, likevel når jula kjem så er det noko som manglar utan dei raude innslaga. I år har vi ikkje pynta så mykje, men litt må til. Romjula er ei god tid, mykje besøk, herleg mat og tid til overs til det ein har lyst til å gjere. Nyt resten av jula - god jul.
søndag 25. november 2012
Å slappe av...
lørdag 20. oktober 2012
Sober...
Her er det ferdige, nesten iallefall, resultatet etter malinga i stua. Det vart som sagt berre den delen av stua der vi har arbeidsplassar som vart malt. Eg er fortsatt fornøgd med fargen og lurer faktisk på om den skal få kome på veggane fleire plassar. Men ikkje endå iallefall, her i heimen går det runde etter runde med sjukdom. Vi jobbar fortsatt med å kome inn i "normalen", derfor vert det ikkje så store planar for tida. Betre å ta det på sparket dersom lysta skulle melde seg. Ha ei herleg helg!
søndag 16. september 2012
Nesten ferdig...
fredag 14. september 2012
Fredagskos...
Trur det ikkje vert så lenge før maling av stua og kjøkken står for tur. Har landa på fargane sober og grå harmoni frå Lady, men lyt berre tenke litt til på det.
søndag 9. september 2012
Prioriteringar...
Det er ikkje alltid like lett å gjere riktige prioriteringar. Eg prøvar. Akkurat no drøymer er om mykje tid. Tid til å vere ilag med famile, tid saman med vener, tid til å bruke kroppen og tid til å gjere alt anna eg likar så godt. Men livet er no slik at ein kan ikkje få tid til alt samstundes. Heldig er eg likevel, jobben gjev mykje tilbake, tidstjuven som han er. Erfaringa seie at det kjem seg. Då vert det meir tid. Sjølv om det ikkje er dei rette prioriteringane akkurat no, har eg fått nokre fargeprøver på veggen. For malast det skal det - anten det vert om ei veke eller eit halvt år. Vi sjåast.
onsdag 15. august 2012
Fullt opp...
...for tida, planlegging og kurs på jobb og lisjebror har begynt i barnehagen. Ei spennande tid framover med andre ord. Godt er det å få bruke andre sider av seg sjølv, men eg er spent på korleis kvardagen vert utover hausten. På desse fine sommardagane er det berre å nyte all sol og varme kroppen kan ta til seg, og berre vere - her og no.
Spesielt hyggeleg er det med nye lesarar og ikkje minst at misiverd fekk galleriplass hjå Nib. Berre utruleg mange vakre bidrag og kreative bloggesjelar der ute. Det vert spennande å sjå kven som kjem til finalen i "Kreativ med tekstilar". Håpar de alle får ein fin kveld.
fredag 10. august 2012
Oppbevaring
...av ulike slag er eg skikkelig svak for. Er det noko eg får lyst på når eg er ute å kikkar på butikkar, så er det nettopp korger, krukker, boksar og alt anna der ting og tang kan oppbevarast. Sjølv om eg likar å tru at eg aldri får nok av praktiske korger, må eg berre innsjå at jo eg har faktisk nok. For ei lita stund iallefall...
tirsdag 7. august 2012
Tekstilar...
Snart i arbeid...
...igjen, og tankane er byrja førebu seg. Eit spannande arbeidsår i vente, lisjebror i barnehage og storebror fullt opptatt med sitt. Sjølv har eg planar om å verte flink til å skrive lister - kjenner fleire som svergar til det for å lempe litt på stresset. No skal eg altså prøve det same - skrive ned alle gjeremål og tankar som svirrar rundt. Då hjelpe det dessutan å ha eit par fine skivebøker å notere alt i, eg trur nemleg listene kan verte temmeleg lange...
mandag 6. august 2012
Favoritten akkurat no...
...er desse lyktene. Likar godt dei gyldne fargane saman med det blanke metallet, det gjer seg i eit ellers lyst interiør.
onsdag 1. august 2012
Himmelen har flytta...
...til stua og no har lisjebror ein liten plass å gjøyme seg vekk på. Stas var det og eg fekk mykje god hjelp til å legge på plass puter og bamsar. Til underlag tok eg i bruk madrassa til sansegynga og då vart det med eitt godt å sitje under himmelen. Kjekt er det å kunne gjere forandringar utan at det kostar noko.
tirsdag 31. juli 2012
Eit brukt speil...
...vart handla inn på loppemarked her ein dag. Speilet har eg spraylakkert svart slik som eg gjorde med eit liknande speil tidlegare, sjå her. Speilet mangla noko, og eg vart inspirert etter å ha kikka innom ein fine blogg, Fredbo. Ho hadde brukt ei gamal veskereim til å feste speilet med, skikkelig stilig var det. Medan eg ventar på å finne ei egna veskereim, vart tape ei førebles løysing.
torsdag 26. juli 2012
Opp frå kjellaren...
...vert den henta med jevne mellomrom. Lampen, den oransje som skin som gull. Ved fyrste møte fann eg fargen grusom. Heim bar eg den likevel, berre litt spraylakk - då kunne den bli kul. Spraylakken lot seg vente og etterkvart likte eg fargen berre meir og meir. Eg veit ikkje helt endå om eg synst lampen passar inn her i heimen, men eg prøvar av og til. Den andre lampen kjem eg ikkje til å grine over om den skulle verte ødelagt, men den er heilt grei. Klare ikkje heilt å bli einig med meg sjølv om kva for ein eg skal la stå, derfor får begge stå så lenge og kanskje det er den beste løysinga.
tirsdag 24. juli 2012
Når lampen vert knust...
...av ein liten kar på oppdaging, føre det med seg nye løysingar. Ein bordlampe vert fort til ein taklampe, her er eit bilete av den før. Kjekt å kunne bruke ting til andre føremål enn dei i utgangspunktet var meint til.
tirsdag 17. juli 2012
Spisestua...
...ser slik ut etter at vi gjorde nokre omrokkeringar i heimen. Eg måtte flytte på mange av bileta på veggen og har derfor sjølvsagt nokre bileter som manglar endå, men eg syns igrunnen at det ikkje gjer så mykje. No nyt vi stua medan ho endå kjennast "ny".
Abonner på:
Innlegg (Atom)