tirsdag 31. juli 2012

Eit brukt speil...





...vart handla inn på loppemarked her ein dag. Speilet har eg spraylakkert svart slik som eg gjorde med eit liknande speil tidlegare, sjå her. Speilet mangla noko, og eg vart inspirert etter å ha kikka innom ein fine blogg, Fredbo. Ho hadde brukt ei gamal veskereim til å feste speilet med, skikkelig stilig var det. Medan eg ventar på å finne ei egna veskereim, vart tape ei førebles løysing. 

torsdag 26. juli 2012

Opp frå kjellaren...





...vert den henta med jevne mellomrom. Lampen, den oransje som skin som gull. Ved fyrste møte fann eg fargen grusom. Heim bar eg den likevel, berre litt spraylakk - då kunne den bli kul. Spraylakken lot seg vente og etterkvart likte eg fargen berre meir og meir. Eg veit ikkje helt endå om eg synst lampen passar inn her i heimen, men eg prøvar av og til. Den andre lampen kjem eg ikkje til å grine over om den skulle verte ødelagt, men den er heilt grei. Klare ikkje heilt å bli einig med meg sjølv om kva for ein eg skal la stå, derfor får begge stå så lenge og kanskje det er den beste løysinga.

tirsdag 24. juli 2012

Når lampen vert knust...






...av ein liten kar på oppdaging, føre det med seg nye løysingar. Ein bordlampe vert fort til ein taklampe, her er eit bilete av den før. Kjekt å kunne bruke ting til andre føremål enn dei i utgangspunktet var meint til.

tirsdag 17. juli 2012

Spisestua...






...ser slik ut etter at vi gjorde nokre omrokkeringar i heimen. Eg måtte flytte på mange av bileta på veggen og har derfor sjølvsagt nokre bileter som manglar endå, men eg syns igrunnen at det ikkje gjer så mykje. No nyt vi stua medan ho endå kjennast "ny".

mandag 16. juli 2012

Eit interiørfritt besøk...



... på stranda. Verdas største sandkasse for ein eittåring. Andre inntrykk enn heime i stua. Havet brusar, måkar skrik og sanden klistrar seg fast på henda. Mykje skal oppdagast og lærast. No håpar vi at neste besøk på stranda vert med litt mindre klede og litt meir sol. 

fredag 13. juli 2012

Stolen...







...eg har jobba med dei siste dagane ser no slik ut. For å sjå korleis den såg ut før trykker du her. Utgangspunktet var ein lakka og beisa stol i skinn og eik. Fargen på treverket stakk seg veldig fram i stua og eg ville prøve å få fram det naturlege treverket i stolen. Jobben starta med ei runde med møbelrens og stålsvamp. Deretter pensla eg på eit lag med eit stoff som skulle få lakken til å koke. Når det var gjort måtte eg skrape av lakken. Dette måtte gjerast i fleire omgangar - ei prøve for tålmoda med andre ord. For å få vekk lakkrestar avslutta eg med nok ein gong med møbelrens og stålsvamp. Når dette hadde fått tørka inn over natta starta eg på jobben med å pusse,då brukte eg sandpapir og handkraft. Heilt til sist såpevaska eg stolen. No er stolen tilbake på sin plass og eg må seie at eg er glad for at eg tok meg tida til alt arbeidet.

Spiseplassen på kjøkenet...







...ser slik ut etter at datamaskina vart flytta til stua. Godt med betre plass rundt kjøkkenbordet. Held på med eit lite prosjekt, nemleg å fjerne gamal lakk og beis frå ein stol. Det vert spennade å sjå kva eg ender opp med og om eg klarer å få vekk all beisen. Kanksje vert eg ferdig i morgon, då kjem det før og etter bilete. Fint med ein regntung sommar og god tid til små og store prosjekt i heimen.

onsdag 11. juli 2012

Forandring pågår...





...i stua for tida. Plana eg hadde i utgangspunktet gjekk ikkje slik som eg hadde tenkt. Det var nemleg ikkje så lett å få skapa opp trappa til loftet. Etter mykje arbeid endte det med at vi måtte demontere, og då holdt det med eitt skap. Med nesten ingen veggar med plass til skapet i hovudetasjen vart det større endringar enn planlagt. Spisestua måtte flyttast og vi plasserte arbeidsstasjonen på den lysaste og finaste flekken i stua. Alt er ikkje klart endå, eg leitar etter stolar eg kan bruke. Eg håpar det kjem på plass iløpet av sommaren. Korleis det vart med spisestua og kjøkenet etter flyttinga kjem seinare. Akkurat no skal eg sitte her og nyte det. Ha ein herleg dag. 

mandag 9. juli 2012

Mitt friminutt...





...er eit varmt og avslappande bad. Då meinar eg ikkje i sjøen, men heime på nye badet. Etter ein dag på stranda med sjøluft, måkeskrik og sand på kroppen er det herleg å ta seg eit bad i fred og ro. Godt å vere ute av verda, ta seg eit friminutt både frå interiør og alt anna.

onsdag 4. juli 2012

Nytt bad...








...er kjekt å fotografere (igjen) sjølv om noko gjenstår endå. Lyset lyg litt på fargane, fugene er eigentleg svarte. I dusjen har vi valgt bitte små mosaikkfliser i marmor som er nesten svarte, planen er å behandle dei med eit middel som skal beskytte dei og som eg trur/håpe gjer dei like svarte som resten av flisane. Vaskemaskin og tørketrommel skal komme der dei to korgene står, vi har berre ikkje bestemt oss heilt for kva løysing vi skal gå for endå. Planen var kvitvaska benkeplate i eik, men eg lurer på om det passar betre med kvitt - vi får sjå. Litt igjen, men himmelsk forskjell frå korleis det var før.

tirsdag 3. juli 2012

Forandring...



...på gang. Eg har lenge fundert på kva eg skal gjere med stua som er noko vanskeleg å møblere. Skapa likar eg godt og vart kjøpt inn nettopp for å stå der dei står. Andre tankar har derimot snudd litt på det. Datamaskin på kjøkkenet er utruleg praktisk til tider, deilig å slenge seg på sofabenken for å kikke på nett-tv, dessutan er det luksus å kunne innta frokosten saman med ei oppdatering på nett. Men eg er litt lei av at den tar så stor plass, det ville vore deilig å hatt meir plass på kjøkkenbordet sidan vi til tider er ganske så mange til middag. Det er då altså har bestemt meg for, er å flytte macen til stua. Skapa skal flyttast til loftstua og bli erstatta av to lange arbeidsbord med hjul. Håpar at eg iløpet av helga kjem litt på veg, gleda meg.