lørdag 28. april 2012

Å bli inspirert av noko...









...skjer ikkje alltid av seg sjølv. Ein treng ikkje alltid å gå så langt for å finne noko som tenn eit lite glimt av ein ny ide. Å ta ein tur i leikekassa kan av og til vere nok. Eg lurer på kva som inspirerer andre? Sjølv bur eg i ein liten kystby der utvalet av møblar og andre ting til heimen ikkje akkurat flommar over (i den stilen eg likar iallefall), derfor vert eg veldig glad og kreativ av å besøke større byar med større utval. Netthandel er ein fin sak sånn sett, men eg får liksom ikkje den same kjensla av å kikke på ein nettbutikk som eg får av å fysisk gå inn i ein butikk. Dessutan dukkar det òg opp eit spørsmål om lojalitet - skal ein ha tilbod på ein liten stad må dei som bur der leggje att nokre kroner der òg. Det er ein ting å tenkje over. God helg.

tirsdag 24. april 2012

Danske RUM...






... er definitivt verdt å ta ein kikk på. Det med interiørmagasiner går litt opp og ned - favorittane har endra seg gjennom åra. Eg har kanskje lese litt fleire interiørmagasin enn gjennomsnittet dei siste ni åra. I starten var det svenske Skøna Hem som regjerte på toppen, tatt over av Vakre Hjem og Interiørmagasinet nokre år seinare. Bo Bedre har alltid blitt lest litt til og fra, og innimellom kjem det både eit Rom 123 og Bonytt innom dørene i heimen. Design Interiør har òg blitt lese dei siste åra. Men no er det altså danske RUM som gjev meg mest inspirasjon. Spesielt fint er det med dei duse fargane i maiutgåva, absolutt verdt å lese altså.

lørdag 21. april 2012

Grått...




...på soverommet. Eg likar godt gråfargen vi har på soverommet. Det er berre ein vegg som har fått fargen, men eg leikar med tanken på å male heile rommet med den eller delar av stua. Sidan vi har nok å henge fingrane i for tida vert det nok berre på drøymestadiet endå.

fredag 20. april 2012

Himmel...



...på grindsenga lunar litt. Det er så stor plass i senga for ein liten kropp. Det ser så herleg ut å ligge under himmelen. Endå ligg minstegut på vårt soverom og blir nok verande der ei stund. Derfor er det fint for mor at fargane harmonerer litt, fargesprakande sengetøy og kosebamsar får heller vente litt til...

Badet...

Bilete lånt frå Aspenbad


...er begynt å ta form. Veggane er komt opp og golvet er støypt. Vi har no bestemt oss for flisar på badet og det vert faktisk svarte flisar i 60x60 cm. Vi kjem til å gå for same flisar på golv og tak, med svarte fuger. Mykje svart altså! Men tak, dører (vi har to på badet) og møblar vert kvite. Dessutan har vi eit stort vindu som slepp inn mykje lys. Eg gler meg som eit born til badet vert ferdig, tre år å trakke i pussestøv er nok. Bilete over er forøvrig lånt herifrå. Vask og speil er allereie bestilt derifrå.

torsdag 19. april 2012

Inne og ute...



...er det fine dagar når sola skin. Brannbilen øverst fekk minstegut i dåpsgåve. Det skal eigentleg vere ein slange på den bak. Dessverre vart den raskt putta i munnen, den kjem nok derfor på når han er blitt litt større. Stolane nederst er frå Fiam og er heilt utruleg lette å bere med seg. Dei vart fyrst kjøpt for å ha på kjøkenet, men vart ein smule for lave, derfor vert dei no flytta litt rundt etter behov. Når sommaren kjem vert dei nok tatt med på stranda. Gleda meg.

søndag 15. april 2012

Våren...




...kjem for fullt snart, håpar vi. Sidan vi bur i eit gamalt hus er vinteren heller kald og trekkfull. Fyre i peisen må vi gjere stort sett heile tida, derfor er det rett og slett herleg når våren kjem og sola varmar opp huset. Det vert så mykje kjekkare for både store og små. Dessutan passar det betre å "opne" opp stua litt og få meir luft kring seg. Det treng ikkje alltid vere så kostbare forandringar - litt ommøblering og utskiftning av innmaten i nokre rammer er eigentleg alt som skal til.

fredag 13. april 2012

Riktig...






...så praktiske boksar. På jakt etter ein ny boks til å ha kaffi i, kom eg over serien riktig. Ein boks fekk bli med meg heim, og joda den var midt i blinken. Seinare på dag innsåg eg at berre ein kunne eg ikkje ha, eg måtte jo ha ein til å ha morsmelkerstatning i òg. Ferda gjekk til butikken igjen og endå ein boks vart med meg heim. Dagen etter (i eit heilt anna ærend) kom eg over dei same boksane på tilbod. Plutsleg trengte eg ein til kaffikapslane, og ein til kaffipulveret (her i heimen har vi alt av kaffi) og endå ein til sukkeret. Vips så vart det litt fornying på kjøkenbenken. 

torsdag 12. april 2012

Julegåver til påske...




...er rett og slett ikkje så verst. Eg gjøymde vekk nokre av julegåvene minstemann fekk til jul. Stas er det nokre augeblikk når dei skal utforskast for fyrste gong.

onsdag 11. april 2012

Kjekk design...


...og god lyd likar vi. I stova har vi Geneva sitt anlegg i storleik medium. Eg syns det passar fint ilag med skapa i høgglanskvitt. Anlegget er dessutan sprekt i raudt også, skulle gjerne vore modig å valt den fargen, men er nok ikkje der heilt endå. Mogleg det snik seg inn nokre få raude detaljar i huset etterkvart, eg har iallefall leika med tanken ganske så lenge.

tirsdag 10. april 2012

Å bestemme seg...



...er ikkje alltid like lett. Som tidlegare nevnt held vi på å lage til eit bad på loftet og då er det mykje som som bestemmast. Eg har planar om at stilen på badet skal vere i samsvar med stilen i resten av huset. Derfor lurer eg no på svarte 60x60 cm flisar på heile badet (bortsett frå taket då)...Bileta over er frå loftstua ved sidan av badet, bilete av filisane kjem når eg har bestemt meg.

fredag 6. april 2012

Med tida til hjelp...



...denne stolen fann eg for ei tid tilbake sida på eit loppemarked. Planen var klar - eg skulle pusse ned treverket slik at den lyse eika kom fram. Istaden vart den plassert på loftet og fekk komme ned i varmen når behovet får ein ekstra sitteplass meldte seg. Etterkvart har eg lært meg å like denne stolen og syns faktisk det passar fint at den ikkje har same treverk som spisebordet. Rart med det, men av og til fell ein for det som ein ikkje likte i utgangspunktet.

torsdag 5. april 2012

Gullklompen...



...kallar eldstemann dette påskeegget. Det er kjempestort med plass til både chips og DVD - ikkje rart han kallar det gullklompen. Etter å ha blitt nytta som påskeegg eit par påskehøgtider  har det nok gått hardt utover gullet. Pytt, pytt...det duger endå. God påske.

tirsdag 3. april 2012

Sofa...





...skifte. Eg slit litt med plassering og møblering i stua vår. Skiftar ofte fram og tilbake både på spisebord og dei to sofaene vi har.

Friske fargar...




...fant eg likevel. Ikkje så mykje av dei, men nok til å bidra i utfordringa til Nib. Kva er vel ikkje meir påske enn kalde og saftige appelsiner.

mandag 2. april 2012

Fargar...


...har alltid vore ei lita utfordring her i heimen. Eg likar fargar, friskt og energisk er det. Hjå alle andre passar det så bra og eg likar meg spesielt godt i heimar med litt farge. Så kvifor eg ikkje får fargar til følast heilt riktig heime hjå meg sjølv, veit eg rett og slett ikkje...Nib har gåande ei utfordring om å leike seg med fargar. I mangel på så mykje fargar i interiøret elles, vart det fotografert leikar i fargar. Kjekt det òg, men kanskje ikkje heilt i tråd med tanken bak utfordringa colour addict...

På terassen...




...skiftar det mellom påske og jul kvar halvtime. Påskesol eitt augeblikk og tett snø i neste. Faktisk meir julestemning no enn under Dagmar sine herjingar i jula, sjølv om storm på desse kantar er å rekne som juleveir. Når minstegut søv i vogna på terassen sit eg og tar meg ei lita draumepause. Utemøblane er forøvrig i teak, men etter å ha stått ute nokre årstider har dei blitt ganske så grå.