tirsdag 28. februar 2012

Skyer...



...dette fine mønsteret likar eg kjempe godt. Her i heimen har det gått som lue og sparkedress. Har dessutan kjøpt både uro og sengetøy med mønsteret i gåve.

lørdag 25. februar 2012

Det vakraste...


...i verda: ei lita og god hand, mjuke kinn og ein liten kropp som søv etter ein lang dag. I morgon ventar nye opplevingar, latter og spenning.

Kjøleskapsmagi...

...heiter desse kjekke magnetane. Super leseøving for dei litt større borna, dessutan artig å kunne setje saman små setninger eller dikt.

Kvit frukost...


...på ein laurdag. Eg syns det er fint å blande ulike nyansar av kvitt. Som dei fleste har fått med seg - kvitt er ikkje berre kvitt. Her er det glas frå Ikea, fat og eggeglas frå Wedgwood, kopp frå Rosendahl og knivar frå Sheffild England.

torsdag 23. februar 2012

Glimt frå...

...loftstua. Vi bur i eit 100år gamalt hus som vi kjøpte for omtrent 2 år sidan. På desse to åra har vi pussa opp mykje av huset, men mykje har òg blitt revet utan at vi har bygd det oppatt endå. Eg hadde eigentleg tenkt å starte med blogging av heimen når huset vart ferdig renovert. Sidan eg ser at det kan ta si tid, fann eg ut at eg kunne like gjerne starte no.

Kvar si side...


...finn vi nattbord på soverommet. Praktisk med eit dempa nattlys når minstgut på 9mnd vaknar om natta. Ein annan praktisk ting er roleg vekking om morgonen...

Litt nytt...



...gjer seg i heimen. Dei nyaste innkjøpa er desse to settborda, små og hendige med plass til eit par koppar kaffi. Dessutan har det sneke med seg eit duftlys, rein og enkel utsjånad og god lukt.

lørdag 11. februar 2012

Lys...




...anten dei er levande eller elektriske treng ein desse vinterdagane. Dette er to typar lyskjelder i heimen som eg ikkje går lei. Kubbelys i glaslykt med litt sand, enkelt og utan for mykje "stasj". Lampe med svart og kvit stoffledning gjer seg òg i vindauget.

fredag 10. februar 2012

Eit par koppar te...



...og ein kopp kaffi. Desse to er mine forvorittar for tida, LØV og nespresso. LØV sin te smakar, og ikkje minst luktar, fantastisk. Ekstra kjekt er det sjølvsagt at boksen den kjem i er ganske lekker.

søndag 5. februar 2012

Drøymer...





...om ein tur på stranda. Fleire timar i bil på glatt føre i snøstorm, gjer at ein lengtar til varmare dagar. Desse bileta vart sjølvsagt ikkje knipsa idag, men ein ettermiddag i mai for eit par år sidan. Heldige meg som bur i nærleiken av ei av Noregs vakraste badestrender.

lørdag 4. februar 2012

Leikar...



...med litt sjel likar både dei store og små. Denne herlege hunden er i frå Rice, kjøpt hos herlege purglede.no. Det samme er uroa, som er frå Sebra.