torsdag 15. mars 2012

På tur...

...uten kamera. Etter å ha kjørt eit godt stykke forrige helg hadde eg ei kjensle av at noko låg att heime. Rart det korleis ein berre kjenner at ein har gløymt att noko. Uansett fekk eg knipsa nokre bileter med mobilen, resultatet ser de under. Betre bileter av hotellet finn ein på heimesida her. 






fredag 9. mars 2012

Glimt...



...frå vår yttergang. Som ellers i huset er det kvitt, såpevaska eik og små detaljar i svart som går igjen. I helga ventar eit lite opphald på mitt absolutte favoritt hotell. Bileter kjem iløpet av helga. Nyt helga, det skal eg iallefall gjere.

torsdag 8. mars 2012

I ein fei...



...rekk ein å bake nokre muffinsar. Enkelt og kjapt når kjøkenet er tomt for det som lagar meir spennande variantar av kaffimat.

tirsdag 6. mars 2012

Ulike materialer...




...i heimen. Eg likar å blande forskjellige teksturer som lin, eik, kvithøgglans, matte flisar og tepper med ulike mønstre. Neste prosjekt her i huset er å lage til bad i eit rom som tidlegare romma kjøkken. Det vert spennande å sjå kortid vi vert ferdige, vi håpar før sommaren.

søndag 4. mars 2012

Sansegynge...





...heiter denne kjekke saken. Før jul var eg på jakt etter ei gynge som minsten kunne ha i stua, men etter mykje leiting fant eg ikkje det eg hadde sett føre meg. Derimot kom eg over denne sansegynga som visstnok skal vere bra for så mykje. Minsten er endå ikkje så opptatt av denne saken, men det kjem nok. Litt artig at ein kan kjøpe pute til å ha i og telt til å ha utan på.

Det er i detaljane...





...det vakre ligg. Eg driv å øvar meg på å fotografere og slit inni mellom med å finne riktig lys. Bileta blir ikkje alltid slik som eg har sett føre meg, men artig er det likevel å pusle med innstillingane på kameraet. For øvrig er dette nokre av bileta eg vart fornøgd med etter litt fotografering i heimen denne ettermiddagen.

Ein søndag...




...utan nokre planar gjer godt for kropp og sjel. Med ein liten krabat som vaknar og søv alt for lite for tida rekk ein å knipse nokre bileter ganske tideleg på dag.

fredag 2. mars 2012

Blomar...


...kan òg vere gode vener. Desse tulipanane er faktisk over ei veke gamle og står nesten like fine, om ikkje endå finare no som dei har blitt vener.