lørdag 14. desember 2013

Adventstid



No er adventstida godt i gang. Full rulle med litt kos og pusterom inn i mellom. Eg er allereie begynt å tenkje over kva mål og draumar eg vil ta med meg inn i nyåret. Eit lite mål er å halde meir liv i fotograferinga og å skrive oftare innlegg. Eg syns det er grådig kjekt at ein del kikkar innom her sjølv om oppdateringane er sjeldne. Meir om draumar og mål kjem seinare, litt julepynting må kome fyrst. Nyt helga.

lørdag 5. oktober 2013

Litt av kvart...





Lenge sidan sist. No er hausten her og det merkast på veiret ute. Regnet slår på vindauga medan vi ventar på at det skal lette ute, då vert det båttur på store og små. Det er ikkje så mykje nytt på heimefronten, vi har forflytta oppussinga til kjellaren dei siste månadane. Eit område gutane i huset skal regjere utan innblanding frå meg. Det vert med andre ord spennande å sjå resultatet etterkvart.

lørdag 3. august 2013

Feriebolig i Spania...






Svært så lenge sidan forrige innlegg her på bloggen. Alt står vel til, berre ei lang bloggtørke. Sidan sist har vi vore i Spania og kjøpt leilighet. Bileta har eg teke av ei visningsleilighet på anlegget. Vår leilighet vil sannsynlegvis stå klar til jul. Spennande tid i møte med andre ord, det vert kjekt å møblere noko nytt.

fredag 10. mai 2013

Gardsbesøk...




 

 

Nokre vekar sidan dro vi på eit lite gardsbesøk. Veslebror syns det heile var skikkeleg stas. Dyr, bilar og traktorar er den store interessa for tida, og ein tur på gard inneber alle dei tre. Om ein skal avgårde til Vestlandet i sommar er det definitivt verdt å leggje turen innom hakallegarden, det er ein kjekk plass å vere for både store og små.


lørdag 4. mai 2013

Bruktfunn...


 
 


...kan vere så mangt. Mine favorittar i bruktkjøp-kategorien er heilt klart denne stolen som vert nytta til så mykje. Den sklir fint inn saman med spisestua når vi er mange tilbords og den passar perfekt til arbeidsbordet. Både marmorlysholderen og messinglysholderen er dessutan to andre bruktkjøp som har fått plass her i huset. Bunken med matteprøver ventar på å verte retta, godt arbeid i kveld med andre ord.

søndag 31. mars 2013

Påskero...


 


Ferie er ei herleg tid. Tid til å gjere akkurat det ein sjølv har lyst til. Etter ein hektisk periode med mykje jobb har det gjort godt med litt påskero. No nyt vi dei siste dagane med fri og har det i grunnen fint med å vere inne no som snøen bles både oppover og bortover. Heimen har vore fri frå det gule i år, litt påskepynt har det blitt likevel i form av kastanjegreiner. Kjekt med noko som også er fint etter påske.

mandag 25. februar 2013

Glimt frå soverommet...



til storebror. Flytting til kjellaren for storebror førte med seg nokre små endringar. Veggane vart malt svart og vi fekk tatt ei skikkeleg opprydning i både kle og leikar. Som snart tenåring er det lite han leikar. For å gjere det enklast mogleg for han å halde orden, vart leikane derfor plassert på mørkeloftet til lisjebror er stor nok til å låne dei. Storebror er kjempe fornøgd og nyt livet med eit litt mindre rom. Med "livsnødvendige" ting som sofa, dobbeltseng og tv på rommet har han nok innsett at livet i kjellaren slett ikkje er så dumt.

søndag 24. februar 2013

Herleg lys...

 

Inspirerande å fotografere i eit slikt fint lys. Her eit par små glimt frå loftstua. Vi brukar den alt for sjeldan, det skal det bli ei endring på. Vinterferien har eg brukt på å flytte storebror i kjellaren og lisjebror på eige rom på loftet. Vi rakk det akkurat før kvardagen setjer inn for fullt igjen. Eg håpar at våren kjem snart og at vi får mange lyse fine kvardagar framover. Bilete av romma til brorane kjem om litt. Nyt søndagen.

søndag 10. februar 2013

Nytt på kjøkenbenken...

 

Små ting utan meining kan av og til gje meining. Slik som denne vannkokaren. For kjekt er det, når ein har venta lenge med å kjøpe vannkokar fordi ein ikkje finn akkurat den ein likar, å finne nettopp den som gjorde det verdt å vente så lenge. Små gleder og store gleder, vi treng dei alle i livet.

søndag 27. januar 2013

Eit lite bytte...




Stadige forandringar, til glede for meg, men ikkje fullt så kjekt alltid for dei andre her i heimen. Det er nok slik av og til at det er eit eller noko som ikkje stemmer, noko ein ikkje kan setje heilt fingeren på. Då får nok sjela ikkje heilt sleppe fri frå tankejaget før etter at byttet er gjort. Slik vart det denne gongen - så for vi sjå kva det vert neste gong.

lørdag 26. januar 2013

Pendel i svart og kvitt...







Bilete knipsa på arbeidsplassen min. Desse lampane, som heng fleire meter ned i frå taket, er berre utruleg stilige. Kvar dei kjem frå veit eg ikkje, men dei er sannsynlegvis produsert i 1960 åra. Dersom eg kjem over slike til sals ein dag (det er lov å draume), skal dei definitivt kjøpast med heim.


tirsdag 8. januar 2013

Dots...




Ein ting eg aldri får nok av er knaggar. Det er faktisk så gale at vi har innført "knaggeforbod" i heimen. Knaggane  mine har nemleg ein lei tendens - dei vert så fulle av kle. Desse knaggane fekk derimot stå for eit lite regelbrote og dei har klart seg fint til no. 

søndag 6. januar 2013

Lysholdere i messing...




Eit besøk på loppemarknad før jul resulterte i desse telysholderene. Formen og kvaliteten såg bra ut ved fyrste augekast og dei var produsert i Danmark - kunne altså sjå ut som eit lite kupp. Det er berre det at eg ikkje får dei skikkelig blanke igjen, eg har prøvd med messing- og kobberpuss. Det hjalp litt, men fortsatt treng dei å verte litt reinare og blankare. Eg vert derfor veldig glad om nokon har nokre gode tips for kva eg kan gjere med desse. Ha ein fin dag.

onsdag 2. januar 2013

Earlyrider...



 


Ein av julas gåver til minstemann var denne balansesykkelen. Ein kjekk liten sak som passar born frå 1,5 år og oppover. Ekte skinnsete og eikefiner, skikkeleg tøff med andre ord - denne skal han få slite ut.