fredag 25. mai 2012

Gode dagar...



...med sol og varme. Vi flyttar ut i varmen og nyt dagane. Sidan det er inne vi prioriterer oppussinga for tida, verkar kroppen etter å gjere noko ute. Men maling av huset må nok vente til neste sommar, då har vi god tid på oss når det skal veljast husfarge.

tirsdag 15. mai 2012

Eldstemann sitt soverom...






...ser slik ut om dagen. Spørs kor lenge det varer, er ikkje ofte ein travel 10 åring har tid/tar seg tid til å rydde. Men kjekt er det uansett når det vert gjort. 


På badet har det vore stille ei stund om nokon måtte lure. Men idag vart membranen lagt på og då er det ikkje lenge att til flislegging. Gleda meg.

søndag 6. mai 2012

Speil på veggen...




...vart den einaste tingen eg handla på loppemarknad i helga. Som så mange andre sikkert gjer òg, står eg med henda fulle og har store planar om kva eg kan gjere med dei ulike "røverkjøpa". Men denne gongen vart det annleis, fornuften fekk bestemme og mange potensielle røverkjøp vart lagt tilbake. Med heim vart altså dette speilet, i ein annan farge vel og merke. Sidan eg berre hadde gjort eitt lite kjøp rakk eg faktisk å spraylakkere det samme dag. Vips gjekk det frå å vere knalloransje til slikemattsvart. Alt i alt ganske fornøgd med helgas røvarkjøp.

fredag 4. mai 2012

Motlys...

Dette bilete er med i ein fotokonkurranse hja Øyeblikk - http://www.oyeblikk.net/



... er temaet i fotokonkurransen til øyeblikk.net. Her er mitt bidrag (det øverste), eit bilete av minstegut i ein alder av åtte månader.