fredag 28. desember 2012

Raud jul...



 




 

Her i heimen har vi raud jul. Kvart einaste år tenkjer eg at det skal pyntast til jul på ein litt annleis måte. Mykje inspirasjon er det å finne i blad og hjå mange dyktige bloggar, likevel når jula kjem så er det noko som manglar utan dei raude innslaga. I år har vi ikkje pynta så mykje, men litt må til. Romjula er ei god tid, mykje besøk, herleg mat og tid til overs til det ein har lyst til å gjere. Nyt resten av jula - god jul.

søndag 25. november 2012

Å slappe av...

 

 
 
Det gjer godt å roe ned. Dei neste vekene vert fulle av aktivitetar av ymse slag. Har ingen planer om å gjere dette til den "perfekte" førjulstid. Målet er heller å gjere det som eg har lyst å gjere, nokre kakeslag vert det sikkert og pynting i heimen vert det heilt sikkert. Adventskalenderen til borna er under planlegging og handling av julegåver er eg så smått i gong med. Bilete av adventskalenderen kjem i løpet av veka, så følg med.

lørdag 20. oktober 2012

Sober...




Her er det ferdige, nesten iallefall, resultatet etter malinga i stua. Det vart som sagt berre den delen av stua der vi har arbeidsplassar som vart malt. Eg er fortsatt fornøgd med fargen og lurer faktisk på om den skal få kome på veggane fleire plassar. Men ikkje endå iallefall, her i heimen går det runde etter runde med sjukdom. Vi jobbar fortsatt med å kome inn i "normalen", derfor vert det ikkje så store planar for tida. Betre å ta det på sparket dersom lysta skulle melde seg. Ha ei herleg helg!

søndag 16. september 2012

Nesten ferdig...



Då er eg nesten ferdig med å male ein del av stua. Fargen det til slutt landa på vart Sober, foreløpig ganske fornøgd. Den er ganske mørk. Sidan eg maler den lysaste delen av stua, der alle veggar har vindu, fungera den bra. Det er deilig med ein litt dempa farge. Fleire bileter kjem etterkvart.

fredag 14. september 2012

Fredagskos...


 
 

 
 



Nye bord til sofaen og sjokolade freistingar for store og små. Eit lite kupp desse borda, såpass rimlege at dei kan skiftas ut om behovet skulle melde seg. Eg har endå ikkje funne det perfekte sofabordet, men desse gjer oppgåva så lenge. No for tida er det stort sett leikar å finne rundt om kring i stua. Kjekt for barn med andre ord.

Trur det ikkje vert så lenge før maling av stua og kjøkken står for tur. Har landa på fargane sober og grå harmoni frå Lady, men lyt berre tenke litt til på det.

søndag 9. september 2012

Prioriteringar...


 

Det er ikkje alltid like lett å gjere riktige prioriteringar. Eg prøvar. Akkurat no drøymer er om mykje tid. Tid til å vere ilag med famile, tid saman med vener, tid til å bruke kroppen og tid til å gjere alt anna eg likar så godt. Men livet er no slik at ein kan ikkje få tid til alt samstundes. Heldig er eg likevel, jobben gjev mykje tilbake, tidstjuven som han er. Erfaringa seie at det kjem seg. Då vert det meir tid. Sjølv om det ikkje er dei rette prioriteringane akkurat no, har eg fått nokre fargeprøver på veggen. For malast det skal det - anten det vert om ei veke eller eit halvt år. Vi sjåast.

onsdag 15. august 2012

Fullt opp...




...for tida, planlegging og kurs på jobb og lisjebror har begynt i barnehagen. Ei spennande tid framover med andre ord. Godt er det å få bruke andre sider av seg sjølv, men eg er spent på korleis kvardagen vert utover hausten. På desse fine sommardagane er det berre å nyte all sol og varme kroppen kan ta til seg, og berre vere - her og no.

Spesielt hyggeleg er det med nye lesarar og ikkje minst at misiverd fekk galleriplass hjå Nib. Berre utruleg mange vakre bidrag og kreative bloggesjelar der ute. Det vert spennande å sjå kven som kjem til finalen i "Kreativ med tekstilar". Håpar de alle får ein fin kveld.

fredag 10. august 2012

Oppbevaring






...av ulike slag er eg skikkelig svak for. Er det noko eg får lyst på når eg er ute å kikkar på butikkar, så er det nettopp korger, krukker, boksar og alt anna der ting og tang kan oppbevarast.  Sjølv om eg likar å tru at eg aldri får nok av praktiske korger, må eg berre innsjå at jo eg har faktisk nok. For ei lita stund iallefall...



tirsdag 7. august 2012

Tekstilar...




...i heimen. Nib har gåande ei utfordring "Kreativ med tekstilar". Eg sleng meg på med desse bilda. Skulle gjerne vore flinkare å bruke tekstilar i heimen, men sykunnskapane er dessverre ikkje mykje å skryte av. Men heldigvis er det hjelp å få med mange sykyndige kvinner i familien. I benken på kjøkenet har vi puter av ulike slag - nokre kjøpt og nokre sydd . Madrassa, som er ekstra lang, har vi fått laga av eit lokalt firma som driv med båtsøm. Alle putetrekka og trekket på madrassa kan takast av og vaskast i maskina, sjølv om det ikkje vert gjort så ofte, er det ganske så praktisk.

Snart i arbeid...





...igjen, og tankane er byrja førebu seg. Eit spannande arbeidsår i vente, lisjebror i barnehage og storebror fullt opptatt med sitt. Sjølv har eg planar om å verte flink til å skrive lister - kjenner fleire som svergar til det for å lempe litt på stresset. No skal eg altså prøve det same - skrive ned alle gjeremål og tankar som svirrar rundt. Då hjelpe det dessutan å ha eit par fine skivebøker å notere alt i, eg trur nemleg listene kan verte temmeleg lange...

mandag 6. august 2012

Favoritten akkurat no...




...er desse lyktene. Likar godt dei gyldne fargane saman med det blanke metallet, det gjer seg i eit ellers lyst interiør. 

onsdag 1. august 2012

Himmelen har flytta...





...til stua og no har lisjebror ein liten plass å gjøyme seg vekk på. Stas var det og eg fekk mykje god hjelp til å legge på plass puter og bamsar. Til underlag tok eg i bruk madrassa til sansegynga og då vart det med eitt godt å sitje under himmelen. Kjekt er det å kunne gjere forandringar utan at det kostar noko.

tirsdag 31. juli 2012

Eit brukt speil...





...vart handla inn på loppemarked her ein dag. Speilet har eg spraylakkert svart slik som eg gjorde med eit liknande speil tidlegare, sjå her. Speilet mangla noko, og eg vart inspirert etter å ha kikka innom ein fine blogg, Fredbo. Ho hadde brukt ei gamal veskereim til å feste speilet med, skikkelig stilig var det. Medan eg ventar på å finne ei egna veskereim, vart tape ei førebles løysing. 

torsdag 26. juli 2012

Opp frå kjellaren...





...vert den henta med jevne mellomrom. Lampen, den oransje som skin som gull. Ved fyrste møte fann eg fargen grusom. Heim bar eg den likevel, berre litt spraylakk - då kunne den bli kul. Spraylakken lot seg vente og etterkvart likte eg fargen berre meir og meir. Eg veit ikkje helt endå om eg synst lampen passar inn her i heimen, men eg prøvar av og til. Den andre lampen kjem eg ikkje til å grine over om den skulle verte ødelagt, men den er heilt grei. Klare ikkje heilt å bli einig med meg sjølv om kva for ein eg skal la stå, derfor får begge stå så lenge og kanskje det er den beste løysinga.

tirsdag 24. juli 2012

Når lampen vert knust...






...av ein liten kar på oppdaging, føre det med seg nye løysingar. Ein bordlampe vert fort til ein taklampe, her er eit bilete av den før. Kjekt å kunne bruke ting til andre føremål enn dei i utgangspunktet var meint til.

tirsdag 17. juli 2012

Spisestua...






...ser slik ut etter at vi gjorde nokre omrokkeringar i heimen. Eg måtte flytte på mange av bileta på veggen og har derfor sjølvsagt nokre bileter som manglar endå, men eg syns igrunnen at det ikkje gjer så mykje. No nyt vi stua medan ho endå kjennast "ny".