mandag 25. februar 2013
Glimt frå soverommet...
til storebror. Flytting til kjellaren for storebror førte med seg nokre små endringar. Veggane vart malt svart og vi fekk tatt ei skikkeleg opprydning i både kle og leikar. Som snart tenåring er det lite han leikar. For å gjere det enklast mogleg for han å halde orden, vart leikane derfor plassert på mørkeloftet til lisjebror er stor nok til å låne dei. Storebror er kjempe fornøgd og nyt livet med eit litt mindre rom. Med "livsnødvendige" ting som sofa, dobbeltseng og tv på rommet har han nok innsett at livet i kjellaren slett ikkje er så dumt.
søndag 24. februar 2013
Herleg lys...
Inspirerande å fotografere i eit slikt fint lys. Her eit par små glimt frå loftstua. Vi brukar den alt for sjeldan, det skal det bli ei endring på. Vinterferien har eg brukt på å flytte storebror i kjellaren og lisjebror på eige rom på loftet. Vi rakk det akkurat før kvardagen setjer inn for fullt igjen. Eg håpar at våren kjem snart og at vi får mange lyse fine kvardagar framover. Bilete av romma til brorane kjem om litt. Nyt søndagen.
søndag 10. februar 2013
Nytt på kjøkenbenken...
Små ting utan meining kan av og til gje meining. Slik som denne vannkokaren. For kjekt er det, når ein har venta lenge med å kjøpe vannkokar fordi ein ikkje finn akkurat den ein likar, å finne nettopp den som gjorde det verdt å vente så lenge. Små gleder og store gleder, vi treng dei alle i livet.
søndag 27. januar 2013
Eit lite bytte...
Stadige forandringar, til glede for meg, men ikkje fullt så kjekt alltid for dei andre her i heimen. Det er nok slik av og til at det er eit eller noko som ikkje stemmer, noko ein ikkje kan setje heilt fingeren på. Då får nok sjela ikkje heilt sleppe fri frå tankejaget før etter at byttet er gjort. Slik vart det denne gongen - så for vi sjå kva det vert neste gong.
lørdag 26. januar 2013
Pendel i svart og kvitt...
tirsdag 8. januar 2013
Dots...
Ein ting eg aldri får nok av er knaggar. Det er faktisk så gale at vi har innført "knaggeforbod" i heimen. Knaggane mine har nemleg ein lei tendens - dei vert så fulle av kle. Desse knaggane fekk derimot stå for eit lite regelbrote og dei har klart seg fint til no.
søndag 6. januar 2013
Lysholdere i messing...
Eit besøk på loppemarknad før jul resulterte i desse telysholderene. Formen og kvaliteten såg bra ut ved fyrste augekast og dei var produsert i Danmark - kunne altså sjå ut som eit lite kupp. Det er berre det at eg ikkje får dei skikkelig blanke igjen, eg har prøvd med messing- og kobberpuss. Det hjalp litt, men fortsatt treng dei å verte litt reinare og blankare. Eg vert derfor veldig glad om nokon har nokre gode tips for kva eg kan gjere med desse. Ha ein fin dag.
onsdag 2. januar 2013
Earlyrider...
Ein av julas gåver til minstemann var denne balansesykkelen. Ein kjekk liten sak som passar born frå 1,5 år og oppover. Ekte skinnsete og eikefiner, skikkeleg tøff med andre ord - denne skal han få slite ut.
fredag 28. desember 2012
Raud jul...
Her i heimen har vi raud jul. Kvart einaste år tenkjer eg at det skal pyntast til jul på ein litt annleis måte. Mykje inspirasjon er det å finne i blad og hjå mange dyktige bloggar, likevel når jula kjem så er det noko som manglar utan dei raude innslaga. I år har vi ikkje pynta så mykje, men litt må til. Romjula er ei god tid, mykje besøk, herleg mat og tid til overs til det ein har lyst til å gjere. Nyt resten av jula - god jul.
søndag 25. november 2012
Å slappe av...
lørdag 20. oktober 2012
Sober...
Her er det ferdige, nesten iallefall, resultatet etter malinga i stua. Det vart som sagt berre den delen av stua der vi har arbeidsplassar som vart malt. Eg er fortsatt fornøgd med fargen og lurer faktisk på om den skal få kome på veggane fleire plassar. Men ikkje endå iallefall, her i heimen går det runde etter runde med sjukdom. Vi jobbar fortsatt med å kome inn i "normalen", derfor vert det ikkje så store planar for tida. Betre å ta det på sparket dersom lysta skulle melde seg. Ha ei herleg helg!
søndag 16. september 2012
Nesten ferdig...
fredag 14. september 2012
Fredagskos...
Trur det ikkje vert så lenge før maling av stua og kjøkken står for tur. Har landa på fargane sober og grå harmoni frå Lady, men lyt berre tenke litt til på det.
søndag 9. september 2012
Prioriteringar...
Det er ikkje alltid like lett å gjere riktige prioriteringar. Eg prøvar. Akkurat no drøymer er om mykje tid. Tid til å vere ilag med famile, tid saman med vener, tid til å bruke kroppen og tid til å gjere alt anna eg likar så godt. Men livet er no slik at ein kan ikkje få tid til alt samstundes. Heldig er eg likevel, jobben gjev mykje tilbake, tidstjuven som han er. Erfaringa seie at det kjem seg. Då vert det meir tid. Sjølv om det ikkje er dei rette prioriteringane akkurat no, har eg fått nokre fargeprøver på veggen. For malast det skal det - anten det vert om ei veke eller eit halvt år. Vi sjåast.
Abonner på:
Innlegg (Atom)






























