lørdag 30. juni 2012

Yttergangen...




...ser for tida slik ut. Drøymer om ein stor gang med plass til alt av klede og sko til heile familien, men det får komme seinare ein gong. Etter vi flytta inn har vi malt om og lagt varmekablar og fliser på golvet. Så no har vi det fint med denne yttergangen.

fredag 29. juni 2012

å holde lyset...




...ute, har vore ei utfordring desse fine sommardagane. Det er skikkelig luksus med lyse netter syns no eg. Men lisjebror trur det er morgon klokka tre om natta, og det er ikkje fullt så mykje luksus. Løysinga vart å kjøpe gardiner, sjølv om eigentleg likar det best utan. Resultatet vart betre enn venta. Eg fann nokre gardiner med lysfilter, og etter ei natt med god søvn kan vi seie oss fornøgde med gardinene.

torsdag 28. juni 2012

Boksar...




...er handla inn til badet. Nyttig til både badeleikar og sminke. Med nytt baderomsmøbel skal eg prøve å unngå restar etter pudder i skuffene...av ein eller annan grunn klare eg alltid å knuse pudder slik at det vert mykje griseri. Men no vert det andre tider, håpar eg.

onsdag 27. juni 2012

Badet...





...er omsider begynt å ta form. Litt småting gjenstår, men utruleg deilig med heilt nytt bad allereie. Lisjebroren har prøvd ut badekaret i kveld, og eg trur det vart godkjent. Som de ser så manglar dusjdører - dei kjem i løpet av eit par veker reknar eg med. Dette vert nok ikkje dei einaste bileta frå badet i tida framover, følg med.

torsdag 21. juni 2012

Tilbake...






 ...etter nokre herlege veker i Hellas. Varme, sol, strandliv, god mat og hyggelege mennesker gjer ferien perfekt. Med på reisa vart kompaktkameraet, eg ser at på neste ferie vert det prioritert å ta med speilrefleks - ikkje like kjekt å ta bileter utan. No er det sommarferie både for meg, lisjebror og storebror. Vi kryssar det vi har i håp om ein sommar med mange kjekke opplevingar, bra veir og kanskje litt hyppigare blogging. God sommar så langt.