lørdag 6. juni 2015

Spisekrok




På kjøkkenet har vi sidan sist gjort nokre små endringar. Det store spisebordet er bytta ut med eit mindre rundt bord. Likar å sitje rundt eit slikt bord. Etter å ha vore på utkikk etter det "perfekte" bord lenge, kom eg over dette bordet i ein container. Kvardagslykka var stor! Opprinnleg var bordet i eik, men etter å ha pussa og behandla bordet fekk eg ikkje bordplata slik eg hadde tenkt. Grå gulvmaling vart istaden redninga. No står det att å male dei tre ileggsplatene som også følgde med bordet. Stas med litt endringar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar