fredag 10. mai 2013

Gardsbesøk...




 

 

Nokre vekar sidan dro vi på eit lite gardsbesøk. Veslebror syns det heile var skikkeleg stas. Dyr, bilar og traktorar er den store interessa for tida, og ein tur på gard inneber alle dei tre. Om ein skal avgårde til Vestlandet i sommar er det definitivt verdt å leggje turen innom hakallegarden, det er ein kjekk plass å vere for både store og små.


lørdag 4. mai 2013

Bruktfunn...


 
 


...kan vere så mangt. Mine favorittar i bruktkjøp-kategorien er heilt klart denne stolen som vert nytta til så mykje. Den sklir fint inn saman med spisestua når vi er mange tilbords og den passar perfekt til arbeidsbordet. Både marmorlysholderen og messinglysholderen er dessutan to andre bruktkjøp som har fått plass her i huset. Bunken med matteprøver ventar på å verte retta, godt arbeid i kveld med andre ord.

søndag 31. mars 2013

Påskero...


 


Ferie er ei herleg tid. Tid til å gjere akkurat det ein sjølv har lyst til. Etter ein hektisk periode med mykje jobb har det gjort godt med litt påskero. No nyt vi dei siste dagane med fri og har det i grunnen fint med å vere inne no som snøen bles både oppover og bortover. Heimen har vore fri frå det gule i år, litt påskepynt har det blitt likevel i form av kastanjegreiner. Kjekt med noko som også er fint etter påske.

mandag 25. februar 2013

Glimt frå soverommet...



til storebror. Flytting til kjellaren for storebror førte med seg nokre små endringar. Veggane vart malt svart og vi fekk tatt ei skikkeleg opprydning i både kle og leikar. Som snart tenåring er det lite han leikar. For å gjere det enklast mogleg for han å halde orden, vart leikane derfor plassert på mørkeloftet til lisjebror er stor nok til å låne dei. Storebror er kjempe fornøgd og nyt livet med eit litt mindre rom. Med "livsnødvendige" ting som sofa, dobbeltseng og tv på rommet har han nok innsett at livet i kjellaren slett ikkje er så dumt.

søndag 24. februar 2013

Herleg lys...

 

Inspirerande å fotografere i eit slikt fint lys. Her eit par små glimt frå loftstua. Vi brukar den alt for sjeldan, det skal det bli ei endring på. Vinterferien har eg brukt på å flytte storebror i kjellaren og lisjebror på eige rom på loftet. Vi rakk det akkurat før kvardagen setjer inn for fullt igjen. Eg håpar at våren kjem snart og at vi får mange lyse fine kvardagar framover. Bilete av romma til brorane kjem om litt. Nyt søndagen.

søndag 10. februar 2013

Nytt på kjøkenbenken...

 

Små ting utan meining kan av og til gje meining. Slik som denne vannkokaren. For kjekt er det, når ein har venta lenge med å kjøpe vannkokar fordi ein ikkje finn akkurat den ein likar, å finne nettopp den som gjorde det verdt å vente så lenge. Små gleder og store gleder, vi treng dei alle i livet.

søndag 27. januar 2013

Eit lite bytte...




Stadige forandringar, til glede for meg, men ikkje fullt så kjekt alltid for dei andre her i heimen. Det er nok slik av og til at det er eit eller noko som ikkje stemmer, noko ein ikkje kan setje heilt fingeren på. Då får nok sjela ikkje heilt sleppe fri frå tankejaget før etter at byttet er gjort. Slik vart det denne gongen - så for vi sjå kva det vert neste gong.