mandag 2. april 2012

Kjøkenet...






...vårt. Då vi kjøpte huset for nokre år sidan var kjøkenet relativt nytt. Med si lysegule innreiing, aprikose veggar, kirsebærfarga benkeplate og blå flisa falt det ikkje heilt i smak (ikkje noko gale med det eine eller andre altså, men det var kombinasjonen som vart heilt feil). Derfor fekk vi eit lokalt billakkeringsfirma til å male innreiinga heilt kvit, vi skifta filsar og benkeplate, vi malte veggar og tak. Golvet vart skifta saman med golvet i resten av etasjen og loftet. Veldig effektive var vi i starten...no står fortsatt vindauget utan lister, skal tru kortid dei kjem på plass. Handtak og knottar vart skifta ut. Handtaka blir verande, men knottane var berre meint som ei korttidsløysing. Eg har berre ikkje funne nokre som eg syns passar til kjøkenet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar